Kva no Linn?

Friday, June 01, 2007

Long time, no write

Et år siden sist nå, eller er det to..? Hadde ihvertfall glemt helt av denne grublesiden min (og ikke minst passordet).

Blir vel ikke så lenge til jeg begynner å gruble igjen, det er en liten uvane jeg harlagt meg til. Da kan jeg jo like gjerne gjøre det her.

Linn

Tuesday, April 26, 2005

Våren er her

Det er så deilig at våren er komen, at eg heilt har gløymt å skriva på sida mi. Heilt uakseptabelt. Mykje har skjedd sidan sist, noko av det skal eg fortelja om no.

Det som kanskje overraska meg mest var at eg vart velt inn i landsstyret i målungdomen. Fekk plutseleg ein telefon frå valnemnda der dei spurte om eg hadde lyst. Eg vart nokså himmelfallen, men det var sers koseleg. Eg sa eg hadde lyst, og det var ikkje for å kunna kalla seg ungdom ei lita stund til (eg fyller 27 i sommar, så burde vel heller kallast ung vaksen). Så no er eg landsstyremedlem. Tvilar på at eg kjem til å gå inn i historia som ein av dei som verkeleg gjorde ein forskjel, men eg skal no prøva.

Våren er komen, og eg er plutseleg 113 gongar meir sosial enn eg har vore dei siste to åra. Har flytta attende til Rosenes by, og det er berre utruleg kjekt! Har fått att kontakta med gamle kjente, og storkosar meg. Det er litt trist å flytta frå Volda, har jo budd der i seks år, men det var på tide å flytta på seg. Køyrer siste flyttelasset no på fredag. Eg og fleire vener på road trip til Volda, kan verta festleg.

Så har jo tippeligaen starta att for året. Veit ikkje heilt kva eg skal seia. Var på eit par treningskampar rett før sesongstart, og det var ikkje oppløftande. Mitt kjære MFK var tannlause og spelte utan sjølvtillit. Og så opna vi med tre tap på tre kampar. Sorg i heimen. Var på kamp mot Vålerenga no sundag, og det var storstas i fyrste omgang. Fekk att den gamle go'kjensla, heilt fantastisk. Gutane hadde sjølvtillit, dei hadde plutseleg fått presisjonen på plass. og dei laga mål. Supert. Men i andre omgang rakna plutseleg alt i løpet av nokre minutt, og så var det attende til landesorg. Men det var gode takter, og me gjev ikkje opp enno! For hugs: "Vi gir det vi har, tar det vi får"... Hugs det alle de som ikkje har trua.

Nei, no må eg vel byrja på oppgåva mi att. Sit på Høgskolen i Molde og jobbar med mappa mi. Det er litt morosamt å sitja på skule med folk som tar økonomi og administrasjon og slike ting. Så spør dei kva eg studerer. Så svarar eg at eg studerer nynorsk skriftspråk. Så ser eg at dei måpar og misser all fargen i andletet. Så ler eg inni meg. Det var nok å overdriva litt, men morosamt er det..

Tuesday, January 11, 2005

Kjendisparty

I jula var eg på biblioteket i Molde, og vart vitne til noko som fekk meg til å drøyma. Eg sto ved ei hylle rett attmed skranken, då Ane Dahl Torp kom inn med hunden sin, ein liten terrier. Ho gjekk bort til skranken og spurde om det ho lurte på. Det som var litt spesielt med denne "nær kjendis-opplevinga", var at ikkje berre ei, men BEGGE damane i skranken kom for å hjelpa. Og dei hjalp med dei største smila eg nokon gong har sett på desse damene. Det var i grunn ganske triveleg.

Men så tenkte eg nærare over saka. Eg og har ein hund, ein nydeleg og sjarmerande hund som ikkje står tilbake for Ane Dahl Torp sin på nokon som helst slags måte. Og eg tykkjer alltid det er like leit å gå frå hunden min. Så kanskje eg skal byrja ha med hunden min på biblioteket eg og, så kan ho og få sjarmera damene der.

Men det er ikkje sikkert dei vert like glade for å sjå meg og min hund der. Mest sannsynleg får eg beskjed om at det kan vera allergikarar der, eller noko slikt. Beskjeden får eg sikkert av ei dame, ikkje av to. Og det er heller ikkje sikkert ho smiler så breitt.

Eg og vil verta kjendis.

Wednesday, December 08, 2004

Juleferie

Er endeleg komen heim til Molde. Eg laug når eg kalla det juleferie, for eigentleg skal eg jobba knallhardt. Einaste problem er at eg gløymde ein heil bunke med bøker i Volda. Kjem til å gli rett inn i rollen som distrè professor, viss du berre ser vekk frå det at eg aldri vil greia å vimsa meg til ein doktorgrad. Men akademikarar med lågare rang enn professorane har vel og lov å vera forvirra?

Eg såg på Redaksjon En på NRK1 mondag kveld (6. desember, trur eg), og kven såg eg ikkje der? Jau, mi gode klassevenninde og "partner in crime" Ragnhild var med i ordskiftet. Ein god figur gjorde ho og, sjølv om eg såg på ho at ho sikkert godt kunne tenkja seg å senda nokre skarpe kommentarar i Hans Fredrik Dahl si retning. Eg tykte ho skulle gjort det. Hadde vore gøy om den arrogante noksagten vart sett litt på plass. Ragnhild er ei kjempejente, og er sjølvsagt bloggar ho og. Sida hennar finn du her: http://www.ragnhild.blogspot.com. Ei fin side som rett som det er kjem med gode kommentarar til det meste og dei fleste. Tru kor det er å verta kjendis? Det har eg lurt på monge gongar, men no har eg jo vener å spørja.

Dette får vera nok for denne gong. Ikkje for det, det er kjekt å skriva, men av og til må ein gjera andre ting og. Som å sova. God natt. Linn

Tuesday, November 16, 2004

Ting og tang

Nynorsk mediesenter lyser ut stilling som praktikant. Lysinga kan du finna på denne sida her www.nynorskmediesenter.no. Det høyrest utruleg gøy ut, eg trur eg må søkja neste år, må berre verta ferdig med masteroppgåva mi fyrst.

Eg har sett meg i det språklege hjørnet i dag. Har for det fyrste byrja skriva a-mål. Eigentleg ikkje "naturleg" for meg sidan eg har kløyvd infinitiv i dialekta mi. Men a-mål er jo så mykje finare. Apropos språk. Eg kjem til å verta aggressiv viss folk ikkje tek seg saman. Var på butikken i dag og skulle kjøpa brød. Der fann eg eit som hadde "mange forskjellige korn og frø typer", eg trur eg døyr.

Linn

Friday, October 01, 2004

Kva no Linn?

Av mange rare og unyttige ting eg finn på i evige forsøk på å utsetje det som eigentleg er viktig, er dette kanskje noko av det meir konstruktive. Eg har oppdaga det geniale i å kunne synse vilt og hemningslaust på den store veven, der det mest sannsynleg aldri vert sett av andre enn meg sjølv. Derfor vil denne sida truleg kun fungere som terapi for meg. Har høyrt før at det er sunt å få ting ut, altfor mange skrudde tankar er rett og slett ikkje bra viss dei surrar for lenge rundt inne i hovudet utan nokon gong å kjenne angen av frisk luft.

Det som eigentleg er viktig er no masteroppgåva mi i nynorsk skriftkultur. Eg har ein avtale om at eg skal skrive så mykje som mogleg før jul, slik at eg kan bruke tida på å redigere og skrive om att der det trengs etter jul, og forhåpentlegvis kan levere til våren. Det var lettare å inngå den avtalen enn å setje i gang med skrivinga.

Derfor altså alle moglege rare påfunn (der eg allereie har nemnt at dette er det mest fornuftige), derav namnet på sida: Kva no Linn?
Eg reknar med at fleire små tekster, hjartesukk og grubleri kjem etter kvart som eg slit med oppgåva og andre vanskelege ting her i verda.

Helsing Linn